Siger
25 Jan 2012
I helga spelte me cupfinale mot Førde. Den vart spelt i Domus Athletica i Oslo.
27 Oct 2011
Som tittelen som du sikkert allereie har google-translata hintar til, så har me i Nyborg no vore på tur i Kviterussland for å spele europacup mot Metallurg Zhlobin. Her følgjer eit aldri så lite referat frå den overraskande bra turen.
08 Aug 2011
Landslaget i volleyball har no reist til Universiaden i Kina i august. Her skal me vere i nesten tre veker. Meir om opphaldet kjem seinare. Eg tenkte eg skulle skrive ein kort presentasjon av spelarane som er med på denne turen. Ettersom eg er glad i å tweaka på sannheten, kan det hende at enkelte faktafeil kan oppstå. Ein heil del, faktisk.
19 Jul 2011
Som nokon kanskje har fått med seg etterkvart, er eg relativt glad i å bruke eit ekstremt stort antal timar på å setje saman volleyballfilmar. No har eg gjort det igjen, denne gong frå World League- turneringa i Gdansk i Polen.
28 Jun 2011
Sotragutane Runar Sannarnes og Andreas Takvam tok eit smått fantastisk sølv i U19-VM i sandkassevolleyball no i helga. Mange kjenner ikkje til bakgrunnen desse to beskjedne gutane, men fortvil ikkje, eg skal nemlig gje ei kort innføring.